{"product_id":"9788245037951","title":"Design med ord","description":"\u003cp\u003e«Denne boken er obligatorisk for alle som jobber med tekst og design i digitale flater og ønsker å lære mer om innholdsdesign.» - Ove Dalen, innholdsstrateg og forfatter Utan ord har du inga nettside eller digital teneste og ingen app. Det er på tide at orda får sin rettmessige plass i design av digitale brukaropplevingar. Orda som folk brukar for å få gjort daglegdagse oppgåver, som å handle mat og betale rekningar, har flytta inn på digitale flater. Innhaldsdesign og UX-skriving tek tak i desse viktige orda frå starten av designprosessen og behandlar dei som ein del av den. Denne boka lærer deg å kombinere designmetodikk med skrivehandverket og bruke tekst og språk for å rettleie folk gjennom digitale brukargrensesnitt. Anten du er god til å skrive frå før og vil lære deg å bruke handverket ditt i design og tenesteutvikling, eller du er ein designar som vil utvide verktøykassa di og bli betre til å skrive brukarorientert: Denne boka skal sette deg i stand til å ta rolla som innhaldsdesignar frå start til slutt i ein designprosess. Susanne Egset er innhaldsdesignar i Netlife, der ho hjelper store og små verksemder med profesjonell handtering av tekst og språk. Ho har bakgrunn frå PR- og kommunikasjonsbransjen og journalistikken – og er ein ekte språkentusiast. Boka baserer seg på år med erfaringar frå innhaldsdrivne designprosessar saman med ei lang rekke store og små verksemder, bedrifter, organisasjonar og etatar.\u003c\/p\u003e","brand":"Fagbokforlaget Akademisk","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720309481767,"sku":"9788245037951","price":469.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_c0210f60-7389-437b-bc64-4153a207de98.jpg?v=1757081118","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788245037951","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}