{"product_id":"9788234016790","title":"88 %","description":"\u003cem\u003e88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMatriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eTo kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e88 %\u003c\/em\u003e er eit framhald av framtidromanen \u003cem\u003e11 %,\u003c\/em\u003e som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.\u003cbr\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037634396455,"sku":"9788234016790","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_bae7fee4-5ae3-46cd-9258-b3e2df771ca5.jpg?v=1771523696","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788234016790","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}