{"product_id":"9788234014451","title":"Pass dine eigne saker","description":"\u003cstrong\u003eTrusesal og pedojakt.\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDå Ida kjem tilbake frå sommarferie, har noko endra seg med bestevenninna Pernille. Brillene er bytte ut med kontaktlinser, og håret er bleikt platinablondt. OG: Ho har plutseleg begynt å henge med Thea og Naomi, dei største jåledokkene i klassen, som alltid har terga Ida og Pernille. Kva har skjedd med Pernille, og korleis har ho fått råd til den nye stilen? Etter som Ida begynner å grave litt, finn ho ut korleis Pernille skaffar seg pengar. Og det er ikkje ved å hjelpe ein gamal nabo, som ho fortalde til Ida. Pernille har begynt med sugardating. I eit forsøk på å redde Pernille frå ekle gamle grisar lagar Ida òg ein profil. For er trusesal eigentleg så uskuldig og ufarleg som Pernille har fortalt?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ePass dine eigne saker\u003c\/em\u003ehandlar om dei risikofylte vala ungdom gjer i eit ønske om å høyre til. Det er ei underhaldande, spennande, ubehageleg og viktig bok om sugardating og om å vere ung og miste kontrollen. Boka er eit samarbeid med Stiftelsen LESE.\u003cbr\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037562306855,"sku":"9788234014451","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_048bd7f2-b3d9-4545-8cba-623d9270bb41.jpg?v=1771520774","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788234014451","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}