{"product_id":"9788232103379","title":"Din tur!","description":"\u003cp\u003eTreng du tips til å aktivisere studentane dine? Ynskjer du å variere undervisninga? Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen? Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring?\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eI denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eDei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring   ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eToril Kristin Sjo er frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Oslo i nesten heile sitt vaksne liv. Ho er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs for lærarar, både i grunnskule, vaksenopplæring og høgare utdanning, mellom anna i samarbeid med Kompetanse Norge og Utdanningsetaten i Oslo.\u003c\/p\u003e","brand":"Fagbokforlaget Akademisk","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720252104999,"sku":"9788232103379","price":459.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_c3bd3c5e-b0ac-4646-8139-79d503460637.jpg?v=1757080111","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788232103379","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}