{"product_id":"9788202899042","title":"Bruken av Bibelen i fellesskap","description":"\u003cp\u003eKorleis har Bibelen vorte opphav til vidt forskjellige tolkingar? Korleis vert Bibelen brukt i ulike fellesskap? Bibelen har vore med å forma ei rekke kulturar, og har vore brukt og tolka på forskjellige måtar av ulike fellesskap. Denne vitskaplege antologien drøftar korleis Bibelen er brukt i ulike fellesskap frå Hollywood til Frankfurt Marathon, frå klasserommet til bedehuset, og frå eksilet i Babylon fram til i dag. Boka er tverrfagleg, og gjer innblikk i noko av bredda av bruken av Bibelen i fellesskap. Antologien er skriven for alle som er interesserte i Bibelen og bibeltolking i eit historisk og samtidig perspektiv, og vil vere av særleg interesse for forskarar og studentar innan teologi, religionsvitskap, kulturhistorie og litteraturvitskap.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBoka er skriven av forskarar frå Høgskulen i Volda, Universitetet i Innlandet, NLA Høgskolen, Fjellhaug Internasjonale Høgskole, MF Vitenskapelig Høyskole og Nynorsk kultursentrum.\u003c\/p\u003e\u003cp\u003eBoka er nr. 51 i serien Religionsfag Profil.\u003c\/p\u003e","brand":"Cappelen Damm AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037620928807,"sku":"9788202899042","price":398.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_af2e3191-764d-4b94-b2f3-50e2790f0a65.jpg?v=1771522800","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788202899042","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}