{"product_id":"1000-ar-med-norsk-rettshistorie-jorn-oyrehagen-sunde-9788282655903","title":"1000 år med norsk rettshistorie","description":"\u003cp\u003eKorleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens?\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eSvaret ligg i historia.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003e1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Retten gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, og den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet. Frå 1983 vart norsk rett digitalisert. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkte opp på internett og lesne på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode er i endring. Difor står rettsstaten overfor like store utfordringar i dag som då kommunikasjonsteknologien endra seg med skriven og trykt rett.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eI denne situasjonen må vi læra av historia, ikkje minst korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast. For den nye kommunikasjonsteknologien kan gjera retten både undertrykkjande og frigjerande, alt etter kva val vi tek i åra som kjem.\u003c\/p\u003e","brand":"Forente forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49719426515239,"sku":"9788282655903","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_3b1cb59c-6b72-4c98-af7e-74e43a5599df.jpg?v=1757095754","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/1000-ar-med-norsk-rettshistorie-jorn-oyrehagen-sunde-9788282655903","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}